Kronikken ble først publisert hos Europower.no – se link her
I analysar av norske nettselskap kjem dei største aktørane ofte best ut. Dei har stort sett høgare avkastning og lågare kostnader per kunde. Når selskapa blir samanlikna på denne måten, er det lett å trekkja konklusjonen at store nettselskap er betre drivne enn dei mindre. Eg trudde lenge det same. Då eg jobba i Pareto Securities, konkluderte eg i dei årlege analysane med at dei største nettselskapa var best – forstått som mest lønsame og mest effektive innanfor dei økonomiske rammane analysen bygde på. Konklusjonen var i utgangspunktet ryddig, logisk og godt forankra i talmaterialet.
For bak nøkkeltala ligg det ein reguleringsmodell som behandlar nettselskap – og nettkundar – vidt forskjellig. Når ein tek denne modellen med i vurderinga, blir samanlikninga mellom store bynære nettselskap og selskapa som byggjer og driftar nett i fjordar, fjell og vêrutsette kystområde alt anna enn rettferdig.
Forklaringa ligg ikkje i drifta åleine, men i ein reguleringsmodell som i praksis gir heilt ulike rammevilkår for nettselskapa (og kundane) i byane og i distrikta.
Nettselskapa i distrikta sit med store rekningar for å knytte til kraftproduksjon som Noreg skrik etter, samstundes som desse nettselskapa ikkje får behalde nettleiga frå mange av desse kraftverka.
Eit anna døme er korleis nettinvesteringar i R-nettet i byane blir kompensert gjennom auka vekting i reguleringsmodellen. Det er rett og rimeleg sidan det er dyrt å byggje i byar. Samstundes blir det ikkje gitt tilsvarande kompensasjon for dyre og komplekse nettinvesteringar i R-nettet blant fjord og bratte fjell.
Dette viser at me små må bli flinkare til å løfte fram realitetane i distriktsnetta. Eg som dagleg leiar kan forklare til mitt styret kvifor Sygnir som nettselskap blir straffa i dagens modell, men ein del av dette straffar òg ei uskyldig tredjepart, nemleg våre kundar. Dette er urimeleg og vanskeleg å forklare for kundane våre.
Det er ikkje til å leggje skjul på at dei store er betre på lobbyverksemd enn oss litt mindre. Me har ikkje eigne tilsette som jobbar med tematikken.
Det me ser, er at det ofte er dei store nettselskap med lågast nettleige i Noreg og høgast avkastning som held igjen på endringar i reguleringa. Det ville nok eg òg truleg ha gjort i same situasjon. Men er dette det beste for Noreg og den situasjonen me står ovanfor no?
Samstundes må sektoren våga å stå samla i dei overordna spørsmåla. Samfunnsoppdraget – å lukkast med det grøne skiftet – må vera det viktigaste.
Vidare er det mykje fokus på beredskap og fleire av dei største nettselskapa i Noreg har uttrykt uro for beredskapskapasiteten hjå dei mindre. Her er eg grunnleggjande ueinig.
Lokale og mindre nettselskap har etter mi meining:
Beredskap blir dimensjonert etter konsekvens og anlegget selskapet har ansvar for. Storleik på selskap er såleis ikkje avgjerande. Til dømes så gjeld deltaking i REN Beredskap alle nettselskapa. Sjølv dei store nettselskapa i Noreg er for små til å sitte på eige komplett reservemateriell rundt R-netts trafoar, sjøkablar, og liknande.
Å vere stor har sjølvsagt sine fordelar. Heilt trongsynt er eg ikkje. Dei store har større finansielle musklar til å drive på med eigenutvikling av til dømes IT-system, noko som er bra for sektoren.
Samstundes så er det 80 nettselskap i Noreg, 170 i Sverige, og fleire tusen i verden, og me i Sygnir skal ta i bruk dei smarte systema og metodikkane som kjem for å drifta og byggja meir effektivt.
Vidare er Sygnir kanskje det nettselskapet som har bygd mest nytt nett og knytta til mest ny kraftproduksjon dei siste åra, noko som har gjort at me har bygd særs mykje nytt nett samanlikna med andre. Me byggjer til og med 132 kV linjer sjølve. Det er òg god beredskapskunnskap.
Sjølv om me berre er eit mellomstort nettselskap, så har dette gått fint. Eg skulle gjerne sett dei store nettselskapa investere like mykje i forhald til storleik som Sygnir har. Det er ikkje gitt at resultatet hadde blitt så bra.

Byane og dei store nettselskapa spelar på kunstgras med flaumlys. Me ute i distrikta spelar på myr i motvind og tel høgdemeter, ikkje meter. Dommaren (reguleringsmodellen) gir ekstra poeng for trafostasjon ved kunstgrasbana, men null for stolpar bore og sikra opp i fjellsida.
Likevel skårar me små i distrikta jamt og trutt mål: me knyt til store mengder med kraftproduksjon som Noreg treng, byggjer eigne 132 kV linje og har god beredskap.
Ikkje straff oss for at me spelar på ei anna bane. Lat oss få behalde innmatingstariffen i R-nett, få rettferdig justering for topografi/geografi, vurder normandel på 50 prosent, og slutt å snakke ned nettselskapa som leverer i det røffaste terrenget i Noreg.
Kronikken ble først publisert i nettavisen europower.no – les her