None
Per Sigurd Hegerland fra Hardanger Energi er kritisk til at Regjeringa no har vedteke at det berre blir energiselskap med færre enn 10 000 kundar som slipp unna kravet om funksjonelt skilje.    
Leserinnlegg

Lokale energiverk trygger beredskap og levedyktige lokalsamfunn

av Per Sigurd Hegerland
12. februar 2019
Den nye regjeringsplattforma inneber at nye 25 energiselskap må innføre funksjonelt skilje. Det vil svekke beredskapen og leveringskvaliteten. Me treng energiselskap i distrikta som støttar opp om eige lokalsamfunn med god beredskap og kompetansearbeidsplassar.

Per Sigurd Hegerland

Hardanger Energi

Den 16. mars 2018 vedtok Stortinget mot røystene til Høgre, Framskrittspartiet og Venstre å fjerne kravet til funksjonelt skilje for alle selskap med færre enn 30 000 kundar. Men i den nye regjeringsplattforma tok dei tre partia omkamp slik at det berre vert energiselskap med færre enn 10 000 kundar som slepp unna kravet om funksjonelt skilje. 

Dei nye reglane for funksjonelt skilje vil gjere det vanskelegare for oss å oppbemanne beredskapsorganisasjonen innanfor fornuftige økonomiske rammer. Det er viktig for at me skal få Straumen fort attende ved utfall. 

Allereie grensa på 30 000-kundar var betydeleg strengare enn kva den er i EU – her er grensa for å krevje funksjonelt skilje 100 000 kundar. Eit ynskje om sentralisering må vera den einaste årsak til at Regjeringa nå vil redusere frå 30 000 til 10 000 målepunkt som grense for funksjonelt skilje. 

Ein slik innstramming vil i sterk grad fråta distriktskommunane høve til å påverke energiforsyninga i eigen kommune, og på sikt vil det svekke beredskapen. 

Oppsida med større regionale nettselskap skal vere reduserte kostnader, men prisen er tapte kompetanse- arbeidsplassar lokalt og dårlegare beredskap, det vil sei lengre tid før ein får straumen attende etter utfall.

Her er litt fakta om Hardanger Energi: 

•    1200 km høg- og lågspentnett (3 gonger Kinsarvik – Oslo) Luftspenn på land og over sjø. Kabel i grøft og kabel i sjø (kryssing av fjordar)
•    6.700 nettkundar
•    Forsyningsområdet 4.037 kvadratkilometer - nesten 9 gonger større enn Oslo kommune
•    Topografi: Fjord og fjell, vilt og vakkert, men mykje rasfarlege områder vinterstid og ved mykje nedbør.

NoneHardanger Energi har ein krevjande topografi: 1200 km høg- og lågspentnett tilsvarande tre gonger Kinsarvik – Oslo, og luftspenn på land og over sjø og kabel i grøft og kabel i sjø for kryssing av fjordar. Forsyningsområdet er på heile 4.037 kvadratkilometer - nesten 9 gonger større enn Oslo kommune    

Slik er det ved uvær av den alvorlege sorten: Ein er innesperra av ras, innstilte ferjer eller stengd bru. Det vil seie at det er svært begrensa kvar ein kan forflytte seg. Me har tilsette busett i alle 5 kommunane, og det styrkar beredskapen vår. Det er lett å finne transformatorar og målepunkt som har GPS posisjonar, men det er ikkje alltid like lett å finne alternative vegar fram til desse med mindre ein er lokalkjent, eller bur lokalt. Ikkje alt kan erstattast av teknologi.

Beredskapsplanen vår er oppbemanna med personell frå både monopol og konkurranseutsett verksemd. Det gjer at me kan stille med ein god beredskapsorganisasjon når det er behov. Beredskapsorganisasjonen har me fått testa ved fleire høve, og me er stolte over korleis me har løyst problema som oppstod under stormen Dagmar og andre som den. Det er nettopp organiseringa og lokal tilhøyrigheit som gjere at me kan vere ein effektiv organisasjon. Ein får ikkje sendt montørlag frå eksterne områder (sentrale strøk) inn til oss når vegar er stengde og ferjer innstilte. Då er ein heilt avhengig av lokale montørar som er busett i området. Dette er ikkje noko me trur, dette er noko me veit. 

Det er like viktig at våre 6700 målepunkt får straumen fort attende etter utfall som for dei i tettbygde strøk. Men, har ein 500 000 kundar, betyr ikkje utfall for 6700 kundar i indre strøk noko særleg økonomisk tap for nettselskapet. Då ville ein prioritere tettbygde strøk fyrst for å redusere KILE kostnad. 

Me treng difor energiselskap i distrikta som støttar opp om eige lokalsamfunn med god beredskap, kompetansearbeidsplassar og mykje meir enn dei store regionale selskapa ville kunne tilby.

I motsetning til Sverige, har me framleis eit levande distrikt - i alle landsdelar -  og det er noko som dei fleste partia i Regjering og Storting ynskjer. Difor er det viktig at vi seier i frå når Regjeringa gjer noko så uklokt som å flytte det funksjonelle skiljet frå 30 000 til 10 000 kundar. 

12. februar 2019