None
Konserndirektør i SFE Nett Asgeir Aase.    
Nett

Rettferdig nettleige

av Asgeir Aase
02. oktober 2019
Det er urettvist at mange nettkundar må betale tusenvis av kroner meir i nettleige enn andre. Det finst enkle virkemiddel, men det krev politisk vilje til å bruke dei.

Asgeir Aase

Dette leserinnlegget er skrevet av Asgeir Aase. Aase er konserndirektør SFE Nett.

Over store deler av landet betalar nettkundar fleire tusen kroner meir i nettleige i året enn gjennomsnittet.  For bedriftene blir det fort fleire hundre tusen kroner meir. Noko av grunnen er topografiske forskjellar og antal kundar per meter nett. Om nettleiga skal være heilt lik er eit politisk spørsmål. Sjølv har vi forståing for dei som meiner det er paradoksalt at krafta, som i stor grad vert produsert i områda med fjell og fjordar, skal være dyrare for dei som bur der.

Men det er ekstrakostnaden som kundane i fornybarområda må betale for transporten av ny vann- og vindkraft som er den største systemfeilen. Fornybarsatsinga, og verdiskapinga den gir, er viktig for heile Norge. Likevel bur mange av våre nettkundar bokstaveleg talt nokre steinkast unna kraftverka. Dei betalar mykje meir for å få frakta strømmen enn kundar som bur milevis frå områda der det meste av produksjonen skjer. Ikke berre betalar de meir på grunn av utfordrande geografi og antal kundar, dei betaler ekstra mykje fordi dei bur der krafta vert produsert. 

Politiske prosessar

At nettleiga er urettferdig fordelt har fått si fortente merksemd. Våren 2018 gjorde Stortinget vedtak om å be regjeringa utgreie ulike modeller for utjjamning av nettariffane i Norge, og kome tilbake til Stortinget med ei eiga sak hausten 2018». Tilbakemeldinga kom, men utan modeller for utjamning, og med misvisande informasjon om samanhengen mellom fornybarinvesteringar og nivået på nettleiga i fornybarområda. Etter politisk handsaming vart saka sendt tilbake til OED, og NVE skal no levere si utgreiing og framlegg til OED i november, noko mange ventar på.

Effektivitetskrav er sjølvsagt

Kritikarar til utjamning (eller rettferdig nettleigeordning) meiner nettselskapa sine incentiv til å redusere kostnadane vert redusert, og at det hindrar effektive selskap. Det er det ikkje grunn til. NVE si regulering av inntektsramma er den største drivaren for effektiv drift. Det er fullt mulig å jamne ut nettleiga på ein enkel og ubyråkratisk måte, med strenge krav til effektiv drift. Både vi og andre har spelt over fleire alternative modeller til Storting, regjering og fagmyndigheiter. 

Fusjonar som alternativ

Enkelte  ser på skilnad i nettleiga som brekkstang for å få gjennomført fusjonar. Vi trur fusjoner både bør og vil kome. Men dersom fusjonar skal jamne ut nettleia nasjonalt må vi ned i ei handfull selskap, som alle inkluderer store byområde. Dette vil krevje sterk statleg styring og tvangssammenslåingar. Det er heller ingen garanti for at ein slik struktur driv nettet mer effektivt samla sett. I dag finst det både små selskap som driv effektivt, og store som ikkje gjer det. Vi har til og med eksempler på at ulik nettleige kan stå i vegen for fusjonar som elles er fornuftige.  Fusjoner må først og fremst være motivert av det som gir størst synergi for drift og utvikling av nettet, og for beredskapen. 

Kundane fortener ikkje dei store skilnadane i nettleige, og for næringslivet er det konkurransevridande. Det er enkle og realistiske måtar å løyse dette på, med like strenge krav til effektivitet. Men det må være politisk vilje til å løyse problemet. 

Asgeir Aase, konserndirektør nett i Sogn og Fjordane Energi

 

02. oktober 2019