None
Leserinnlegg

Innspel til energi- og miljøkomiteen vedrørande kommentarar om nettleige i Statsbudsjett for 2019

av Asgeir Aase
02. november 2018
SFE reagerer sterkt på dei uriktige påstandane regjeringa kjem med i St.prp 1 (2018-2019) der ein hevdar at det ikkje er nokon samanheng mellom utbygging av nett til fornybar energi og den høge og aukande nettleiga.

Asgeir Aase

Dette leserinnlegget er skrevet av Asgeir Aase. Aase er konserndirektør SFE Nett.

Bakgrunn

I Statsbudsjettet for 2019 kjem regjeringa med tilsvar i høve anmodningsvedtaket frå Stortinget om å utgreie modellar for likare nettleige. SFE er mellom fleire som reagerer på tilsvaret frå regjeringa. Svaret ber preg av å argumentere for politiske standpunkt, snarare enn å fylgje opp bestillinga frå Stortinget med eit fagleg fundert svar. Svaret inneheld mellom anna direkte misvisande informasjon om samanhengen mellom ei nasjonalt beslutta satsing på fornybar energi og nivået på nettleiga i «fornybarområda».

Klar samanheng

SFE Nett er mellom dei selskap som har hatt store ekstrakostnader dei siste åra utløyst av fornybarsatsinga. Investeringane i hovudnettet, som kjem ved ny kraftproduksjon, må finansierast heilt eller delvis av dei lokale nettkundane. Kun kraftlinjer som eintydig er utløyst av ny energiproduksjon kan det krevjast anleggsbidrag for. Alle andre kostnader nettselskapet vil måtte ta vert vidarefakturert nettkundane. Sjølv har SFE eksempelvis investert i ei rekkje trafostasjonar for å auke kapasitet i nettet til mottak av ny produksjon. Også ei rekke nye linjer er bygde før levetida på dei gamle var ute og med vesentleg større kapasitet og kostnad for å skulle ta imot nye kraftutbyggingar. Vedlagt er ei liste over investeringar som vi heilt eller delvis har måtte fakturert nettkundane våre, men der ny produksjon er utløysande. Dette er samla investeringar til nær 800 hundre millionar kroner. Anleggsbidraget til desse prosjekta er berre om lag 15%.

Høve til å krevje anleggsbidrag i «maska nett», samt at regjeringa gjennom vedtak sikrar at innmatingsinntektene skal bli att i det nettet krafta kjem inn i, er viktige tiltak som kan ha utjamnande effekt. Det er likevel ikkje slik at det finansierer dei store investeringane som allereie er gjort, eller investeringsbeslutta for dei komande åra. Det vil difor ta mange tiår før den utjamnande effekten av desse tiltaka slår inn for alvor.

Effektivitetskrava skal bestå

Den sterke drivaren for effektivitet i nettselskapa i dag er NVE si inntektsregulering, og slik bør det framleis vere. Det er fullt mogeleg å jamne ut nettleiga på ein enkel og ubyråkratisk måte, og utan å svekke nettselskapa sitt fokus på effektivitet. Som nettselskap har vi peika på at det er høgst urimeleg at kundar som allereie har høg nettleige skal få den ytterlegare auka for å få fram den nye fornybarkrafta Stortinget har sett seg mål om. Denne systemfeilen må difor rettast opp.

Vi oppfordrar Stortinget til å løfte kravet sitt for modellar for utjamning av nettleige på nytt.

Asgeir Aase, adm.dir SFE Nett

02. november 2018