None
Foto: iStock/Hardanger Energi    
Leserinnlegg

Likt nivå på nettleien

av Redaksjonen
11. oktober 2017
Likt nivå på nettleie i hele landet er oppnåelig og gjennomførbart, skriver Harald Sandvik, daglig leder i Hardanger Energi AS. I dette leserbrevet viser han hvordan en slik ordning kan se ut.

Redaksjonen

Sammen med sine medlemmer av distriktsenergiverk vil Distriktsenergi bidra til å skape levende og aktive lokalsamfunn. Med nærhet, styrke og samarbeid kan hele landets kompetanse og ressurser tas i bruk.

Mitt utgangspunkt er at det bør vera eit likt nivå på nettleige i heile landet, samtidig som det skal vera krav om ei effektiv drift. Dette kan gjennomførast utan at målet til styresmaktene må endrast i særleg grad.

Eg brukar omgrepet «likt nivå på nettleige i heile landet», og ikkje «lik nettleige i heile landet». Eg brukar dette omgrepet fordi det skal vera rom for lokale nettselskap å prioritera noko mellom kundegrupper om kor stor del dei ulike kundegruppene skal ta av totalrekninga. Men inntektsramma nettselskapet får, skal vera lik, uavhengig av korleis nettselskapet vil fordela sine kostnadar mellom ulike kundegrupper. Marginaltap og KILE bør inntil vidare vera slik som i dag. Dette vil medføra at det vert tilnærma likt nivå på nettleige i heile landet.

Inntekt tilsvarende kostnad

NVE sin berekning av effektivitet skal føregå slik som i dag, der kvart enkelt selskap vert målt  med sine kostnadar med å drifta nettet  mot eit virtuelt mønsterselskap. Kvart nettselskap skal få inntekter som tilsvarar den kostnaden som NVE bereknar at dette selskapet må ha, gitt sin geografi og sine oppgåver. Det vil seie at inntektsramma vert fastsett slik som i dag. Tariffen, eller prisen pr kWh som kvart enkelt nettselskap kan ta frå sine kundar, vert total berekna inntekt (inntektsramme) som NVE bereknar for alle nettselskap, delt på omsett kWh i landet. Dersom dette gir ein pris på 20 øre/kWh, vert dette prisen som skal fakturerast kunden. Aller helst burde alle kostnadar i ein nettariff vore med i denne summen, som for eksempel kostnadar til overliggjande nett.

Lik mer/mindreinntekt

Når nettselskapet så får inn pengar frå sin kunde, skal all betaling som går ut over månadsprofilen for inntektsramma betalast inn til eit sentralt register (energiverkenes betalingssentral). Får nettselskapet inn mindre enn månadsprofilen for inntektsramma, får nettselskapet betalt differansen frå energiverkenes betalingssentral. Nettselskapene kan få eit anna forbruk eller ein annan innmating av produksjon enn føresett, og difor må det vera ei utrekning og balanseføring av meir/mindreinntekt slik som i dag. Men eg ser for meg at summane i meir/mindreinntekt vil verta mindre enn kva dei er i dag.

Ikke mindre effektivt

Vil ein slik modell medføra mindre effektiv drift? Etter mi meining vil det ikkje vera risiko for det, fordi det likevel er ei effektivitetsmåling og ei inntektsramme som gir inntektene til nettselskapet. Vert kostnadane i selskapet for høge samanlikna med dei andre, går inntektsramma ned for selskapet, utan at dette går ut over dei kundane som er knytt til selskapet. Dårleg drift vil då ramma selskapet og ikkje kundane.

Ikke færre selskaper

Vil ein slik modell gjera at det vert færre nettselskap i landet? Truleg ikkje. Det kan sjå ut som at styresmaktene ønskjer at det skal vera færre nettselskap i landet, men dei hevdar samtidig at det er kvaliteten på tenestene i nettselskapene som er viktigast for om nokon skal slå seg saman med andre. Mange kundar er redde for at beredskapen skal verta svakare ved samanslåingar, samtidig som dei er redde for at det vert for høge nettleiger, som igjen vil hemma deira konkurranseevne i høve til konkurrentar.

Ved å ha likt nivå på nettleiga vil ikkje desse tilhøva vera drivkraft i eventuelle fusjonar  det vil vera kvaliteten på det arbeidet som vert gjort som er avgjerande. Då oppfyller me målet som styresmaktene hevdar gjeld, og me oppfyller det me sjølve har hevda, nemlig at me kan driva nettet minst like godt for kundane våre som det større selskap kan gjera. Og me vil lokalt ha mykje større styring med framtida enn det me ville fått med ein fusjon med eit større selskap. Dersom styresmaktene har eit mål om færre selskap, vil dette vera noko som kan gå mot deira målsetjing.

Anleggsbidrag

Vil ein slik modell rokka ved lokaliseringsinsentiver for nye investeringar? Det er i hovudsak to ulike lokaliseringsinsentiver, det eine er anleggsbidrag og det andre er marginale tapsledd. Anleggsbidrag vert brukt både for ny kraftproduksjon og nytt forbruk (eller utviding av eksisterande), medan marginale tapsledd i all hovudsak vert brukt på produksjon. I framtida kan også marginaltap i større grad verta brukt i alle tariffering. Marginaltap kan påverka lokaliseringsinsentiver, og eg meinar at dette bør haldast utanfor modellen om likt nivå på nettariff. Inntekter og utgifter til marginaltap skal inn i berekning av meir-mindreinntekt som i dag. Anleggsbidragsreglane kan også vera like som i dag, men anleggsbidraga må inn i berekning av inntektsramma på same måte som i dag.

I kva grad nettselskapet vil bruka mykje eller lite anleggsbidrag vil påverka nivået på inntekter til nettselskapet men ikkje påverka tariffen til kunden, men det vil påverka hans evne og vilje til å betala anleggsbidraget for å få til det han ønskjer å etablera. Min konklusjon er difor at marginaltap og anleggsbidrag vert som i dag, og at marginaltap må inngå som ein del av berekning av meir-/mindreinntekt. Ved innføring av ein slik modell må dagens tariffutjamning over statsbudsjettet takast vekk.

Regionale forskjeller?

Kan deler av landet framleis ha lågare avgifter enn andre? Ansvaret for innbetaling av skatt og avgifter kan vera lik i framtida som i dag, og då meinar eg det ikkje er problematisk om nokon har fritak eller ikkje. Tarifferinga av kvar enkelt kunde skjer ut frå forbruk, og satsane på nettleige og avgifter er eintydige og kan gjerast opp av den som fakturerar. Det bør ikkje takast omsyn til at ein kunde brukar energi i ei anna form enn elektrisitet. Dette handlar om eit system for avrekning av elektrisitet, og skal berre omfatta det.

Prisområder, samlokaliseringsfaktor, marginaltap og KILE-kostnadar? Prisområde er i tariffsamanheng knytt til nettap, og så vidt eg hugsar vert nettapet berekna ut frå systempris pluss eit påslag. Eg trur ikkje det er nødvendig med endring på det i ein slik modell. Samlokaliseringsfaktor var knytt opp mot fordeling av nettariff mellom nett og produksjon, men er stort sett vorte teke vekk dei siste åra. Mi prinsippielle syn er at det bør vera ein større del av rekninga som må takast av produksjon, men eg ser at reglar frå EU set avgrensingar på dette. Marginaltap er kommentert tidlegare i notatet og KILE-kostnadar må bereknast og handsamast slik det er i dag. Dei må også takast med i meir-/mindreinntekt.  

Insentiver for effektivitet

Vil tariffutjamning påverka effektiviteten og verdien av straumnettet? Ein dårleg effektivitet gir ei lågare inntektsramma som påverkar overskot og utbytte til eigar. Ein høg effektivitet gir høgare inntektsramme som gir høgare overskot og utbytte til eigar. Sidan eigar får ei inntektsramme basert på effektivitet, vil dette etter mi meining ikkje påverka verken effektivitet eller verdi på nett.

Er det noko i lovverket som hindrar ein slik modell? Eg er ingen jurist, men målet med monopolregime er å hindra at kunden betalar ein for høg pris for nettenester og at bransjen totalt sett ikkje tek ut for stor vinst. Dette målet vert oppfylt gjennom denne modellen ved at den set tak på bransjen sine totale inntekter og set ei avkastning gjennom NVE-renta som eit øvre tak. I tillegg vert det gjort ei effektivitetsberekning av kvart enkelt selskap som regulerar nettselskapet og bransjen på same måte som tidlegare. Difor ser eg ikkje umiddelbart veldig store utfordringar, men ser at det er ein del forskrifter som må endrast.   

Harald Sandvik, daglig leder i Hardanger Energi AS.

 

11. oktober 2017