Storting og regjering sine vedtekne mål for auka fornybarandel i energimiksen, støtta opp av EL-sertifikatordninga fører til stor aktivitet i bygginga av ny fornybar energi.
– Tiden er overmoden for å få på plass en ordning som sikrer en mer rettferdig fordeling av kostnadane i fornybarsatsingen, sier konserndirektør i SFE Nett, Asgeir Aase. Foto: SFE Nett
Ny produksjon treng mykje nytt nett – og nytt nett kostar mykje pengar. Nettleigedelen av straumrekninga til Martha som ligg på kjøkenbenken aukar jamt – og Martha undrar seg, for straumen er jo så billeg for tida?
Det ligg ein grunnleggande systemfeil i innretninga av dagens nettariff. Folk i områder med store fornybare naturressursar opplever ei stadig auke i nettariff som fylgje av nye investeringar i nett. Medan folk og næringslivområder som i større grad gjer seg nytte av den nye krafta, ikkje opplever same auke.
– Umulig tenleg innretning
Det er vanlegvis semje om at dei som bur i områder med store naturressursar skal nyte godt av nokre fordeler for å kompensere for ulemper ved utvinning av ressursane. I tariffordninga er dette prinsippet snudd heilt på hovudet. I ytterste konsekvens er innretninga ei føring i retning av å legge nytt stort forbruk langt vekke frå produksjon, og tett på folkerike områder. Dette til tross for at det igjen kan utløyse behov for nye nettinvesteringar. Innretninga kan umulig vere tenleg for samfunnet på sikt, og er sjølvsagt grunnleggande urettferdig.
Tid for handling
Problemstillinga er peika på både av Stortingsfleirtalet og Reiten-utvalet, men lite er gjort. No er det tid for handling! Den varsla energimeldinga må både omtale og skissere ei løysing på denne problematikken. Politikarar må gjerne ha mål om strukturendringar, men å presse fram slike gjennom auka tariffar for folk og næringsliv i fornybarområda er ikkje berre urettferdig, men på grensa til uansvarleg. Det er heller ikkje automatikk i at forskjellar i tariff fører til strukturendringar. Ein kan like gjerne oppleve det motsette – nemlig at strukturendringar som av ulike omsyn er fornuftige ikkje vert gjennomført fordi det vil føre til auke i nettleiga i det området som til no har hatt lågare tariff.
Foto: SFV
Må sikre rettvis kostnadsdeling
Systemfeilen let seg rette opp. Reitenutvalet sitt forslag om å la ein større del av innmatingstariffen bli liggande att i regionalnettet/innmatande nettnivå er ein god start. Ei naturleg oppfylging vil vere eit utjamnande fond som sikrar medfinansiering til nettprosjekt som kjem som fylgje av ny fornybar produksjon.
Tiden er overmoden for å få på plass ei ordning som sikrar ei meir rettvis fordeling av kostnadane i fornybarsatsinga.
Noe på hjertet?
Har du noe du ønsker å dele med Defos lesere kan du sende din tekst til post@defo.no. Defo.no er opptatte av at alle leserinnlegg skal være saksorienterte.